Uppgåvor frå hushald

Til å leva treng me mat. maten lyt innehalda dei emne som kroppen vår hev bruk for. Me kallar dei næringsemne.

Me skil millom tri ulike næringsemne. Eggekvite, kolhydrat og feitt. (Til dette kjem ,vatn salt og vitamin.)

I sellone i kroppen vår brenn desse næingsemni og vert til varme og kraft.

Når me skal finna kor mykje varme (kraft) dei kan gjeva. Denne krafti mæler me i kaloriar. Ein kalori er den vamemengdi som skal verma upp 1 kg vatn 1 grad Celsius.

1 gram eggekvite gjev 4,1 kalori

1 gram kolhydrat gjev 4,1 kalori

1 gram feitt gjev 9,3 kalori

339 Ein huslyd på 3 vaksne og 2 born hev bruka uksesteik til middag 2 gonger i vika. husmori reknar at det gjeng 1150 g uksekjøt til kvar vaksen og det halve til kvart barn. No vil ho bruka uksesteik berre ein gong i vika. Til den andre middagen vil ho bruka torsk med smør i staden. Ho brukar 1 kg torsk til ein middag, og ho reknar at det vert bruka like mykje potetor til denne middagen som til den fyrre, men at sausen til uksesteiki gjev 139,52 kalori.

a) Kor mykje smør må ho bruka til torsken for å få same kalorital i denne middagen som i den fyrre?

b) Kva kjem dei tvo slag middag til å kosta når uksekjøt kostar 2 kr., torsken 0,80 kr. og smøret 3 kr. – alt pr. kg? Sausen til uksesteiki kjem på 34 øre.